top of page
Hjem: Welcome

HISTORIE

Jærbanen vart opna 27. februar 1878. Thime Station (no Bryne stasjon)  låg i utmarka. Men allereie 9. juni same året kunne kristenfolket innvia eit stort bedehus eit steinkast frå jernbanestasjonen. Det låg der Bryne Kino er no. Meir enn 1000 menneske var til stades ved opninga, folk  frå heile Jæren, og mange kom med ekstratog frå Stavanger. Det var presten Lars Oftedahl som var hadde fått bygginga i stand. Han hadde vore reiskap til store vekkingar og var dessutan ein strategisk organisator, grunnla blant anna Stavanger Aftenblad.

Huset var bygd i ei tid utan bilar og hadde difor ikkje parkeringsplass. Tomta var verdfull, men inneklemt, og det trong ei grundig overhaling. I 1967sende bygningsrådet i Time brev til styret for huset og bad dei skrinleggja byggeplanane dei hadde. I staden skulle dei få setja opp eit nybygg på Geitahodnet. Slik fekk kommunen ei strategisk næringstomt, medan bedehuset fekk nok plass til både bygning og bilar. Bygginga tok til i 1969, og nye Saron stod ferdig og vart innvigd 29. januar 1972.

Tidleg på 90-talet vart Saron utvida ved at ein bygde kjellar under parkeringsplassen. Etter dette har huset fått ei samla golvflate på vel to dekar.

kjelde: Trygve Vassvik. Bedehuset Saron - Bryne 125 år. Bryne, 2003

bottom of page