Kjære medeigar av Saron!
Bedehuset vårt treng vedlikehald og nyinvesteringar. Huset har ei grunnflate på 1400 kvadratmeter og eit totalareal på om lag 2100 kvadratmeter. Det vart bygd i 1968 og påbygd i 1994. Saron, der det står i dag, er med andre ord 40 år i år. Alle me som eig eit bustadhus, veit kva det fører med seg av kostnader.
Styret for Saron er vald av eigarane (organisasjonane som driv verksemda si på huset) til å ¡¨ta vare på huset og syta for økonomien,¡¨ som det heiter i Lover for Saron. Det gjer me i hovudsak gjennom å leiga ut huset til eigarane og eksterne leigetakarar, og ved å arrangera Saronsbasaren. Desse inntektene er likevel ikkje nok til både å dekka årlege, faste driftsutgifter (om lag 200.000 kroner) og vedlikehald, og det er grenser for kor mykje me kan auka leigesatsane. På fleire fellesmøte og årsmøte har representantar frå eigarorganisasjonane oppmoda styret til å gå ut til alle som har Saron som sin åndelege heim, og be dei om gåver. Det gjer styret no, med dette brevet.
Med eigarorganisasjonane i ryggen, ber styret difor med frimod om at du vurderer å vera med på til dømes ein av desse måtane:
fast gjevarteneste (har du nettbank, kan du enkelt ordna dette med å sjølv oppretta eit fast trekk frå kontoen din til Saron sin konto, som har nummer 3325 20 11876)
ei enkeltståande pengegåve
rentefrie lån.
Styret vonar du vil tenkja på korleis du vil og kan bidra til at bedehuset Saron kan haldast ved like. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.
¡@
Bryne 8. april 2008
Med venleg helsing
styret for Saron v/
Børge Salte
formann
¡@