Årsmøte for Saron 23. januar 2011

Petter Olsen delte Guds ord med oss. Gud har ordna si frelse så fullkomen at han kan gleda seg over alle som har teke imot han. Det er kjekt for Gud å sjå og høyra menneske som han har fått rive ut av Satan og synda sitt garn. Brudgomen si skildring av brura i Høgs 2,13-14 er eit vakkert bilete på dette: "Stå opp, mi kjære, mi vakre jente, og kom! ... Mi due i fjellkløfta, i livd under bratte berg, lat meg få sjå deg, lat meg få høyra røysta di! For røysta er mjuk og skapnaden vakker."

Etter talen fekk brannvernleiaren, Svein Arne Fasseland, ordet. Han greidde ut om risikoen for brann, om krava frå brannvesenet og om korleis me skulle tryggja oss mot brann.

Styret hadde fremma framlegg om endring av innleiinga til § 1 i lovene for Saron. Den gamle paragrafen sa at huset er oppført på eigedomen til Tollak Bryne. Det har vore gale i førti år. Styret ynskte denne teksten:
Bedehuset Saron vart oppført på Tollak Bryne sin eigedom i 1878, ved gåver frå vener i Time, Klepp, Bore og Orre - og frå andre herad på Jæren, men vart nybygt på eiga tomt i 1972.
Årsmøtet slutta seg til framlegget.

Bjarte Åse, Tom Ove Steinskog og Ingvar Fløyvik stod på val. Dei to fyrstnemnde hadde sagt frå seg attval. Ved valet kom Solfrid Sele, Arne Birkeland og Ingvar Fløysvik inn i styret. Odd Tunheim vart fyrste vararepresentant.