ÅRSMØTE FOR SARON
Sundag 18. januar var det årsmøte for bedehuset Saron. Ein god flokk var samla. Årsmeldinga viste at aktiviteten på huset er stor og vidfemd. Me nemner 12 møteveker, 60 einskildmøte, 37 gudstenestesamlingar (G1, G2, G3), 11 nattverdmøte, i tillegg til foreiningsmøte, kurs- og seminardagar, alfa-kurs, maks-klubbar, fredagstreff (10-13 år), aktiviteten, øvingar for Minisang, IMF Brass Bryne, dansegruppe og lovsangsteam, osb. I tillegg har huset ofte vore leigd ut til fødselsdagar, konfirmasjonar, eksamenar osb. Me tek med litt frå årsmeldinga:
Frå året 2008 vil styret særleg trekkja fram to ting: Vaktlaga av pensjonistar og omorganiseringa av Saronskveldane. Under eit fellesmøte med organisasjonane i 2007 kom det framlegg om at styret kunne spørja pensjonistar om å ta på seg ymse oppgåver når Saron er utleigd til eksterne leigetakarar. Dette greip styret tak i. Ein inviterte til eit informasjonsmøte 6. mars 2008. Før møtet laga styret ei liste over aktuelle oppgåver. I etterkant delte styret inn til saman 15 pensjonistar i tre grupper, der kvar gruppe har vakt tre månader kvar. Saronstyret har ansvaret for tre sommarmånader. I tillegg kjem mannsforeininga, der det òg er pensjonistar. Vaktlaga var i sving frå mai månad, og Saronstyret er særs takksam for det arbeidet desse gjer. Saron var utleigd 69 gonger til eksterne leigetakarar i fjor, og pensjonistane har i størsteparten av året hatt ansvaret for arbeidet i føre- og etterkant. Saronstyret vil invitera vaktlaga til eit evalueringsmøte i vår.
På fellesmøte med organisasjonane 4. februar i fjor tok styret opp korleis me skulle gjennomføra Saronsbasaren etter at Den eldre Saronsforeininga hadde signalisert at dei ikkje kunne ta hovudansvaret lenger. Det kom opp forslag om at styret skulle setja opp ei liste over oppgåver og fordela dei på eigarorganisasjonane. Styret utarbeidde og la fram forslag til slik oppgåvefordeling på fellesmøte med organisasjonane 18. juni, og ei justert liste vart sendt ut på e-post/post 4. juli. Saronskveldane gjekk så av stabelen 24.-26. oktober. For styret har det vore viktig at Saronskveldane blir eit arrangement som eigarorganisasjonane kjenner ansvar for, og at huset løftar i flokk. Saronskveldane 2008 var langt på veg eit slikt arrangement, og det økonomiske resultatet vart også godt.
I fjor blei det store vedlikehaldsarbeidet i hovudsak avslutta, det vil seia dei omfattande arbeida med fasaden og pappinga av taket. Det kan bli naudsynt med kledning på veggen mot aust i løpet av ein femårsperiode.
Rekneskapen viste stor auke i leigeinntektene frå eigarorganisasjonane. Organisasjonane betalte til saman inn 124 451 kr. Fast gjevarteneste og overskòtet av basaren hadde òg gått opp. Dei store investeringskostnadene gjorde at ein i 2008 likevel vart nøydd til å auka lånet med 400 000 kr.
Dette året gjekk Børge Salte, Anne Brit Bjørkhaug Farstad og Tom Ove Steinskog. Dei to førstnemde sa frå seg attval - etter mange år med trufast teneste. Valde vart Tom Ove Steinskog, Bjarte Aase og Ingvar Fløysvik. Geir Hetland vart 1. varamedlem. Etter årsmøtet konstituerte styret seg i samsvar med lovene ¡± 3 med formann Ingvar Fløysvik, varaformann Leiv Roald Thu, sekretær Petter Olsen og kasserar Morten Vetrhus.
¡@