1. mai 2008

PENSJONISTAR TEK VAKTMEISTEROPPGÅVER

Frå midten av april 2008 har ei gruppe pensjonistar sagt seg villige til å ta på seg praktiske oppgåver i samband med utleige i tillegg til ein del vaktmeisteroppgåver.

Styret hadde fyrst vurdert å tilsetja ein pedell - slik me hadde for nokre år sidan -, men fann at økonomien vanskeleg gav rom for det. På eit møte mellom styret og organisasjonane vart det nemnt at mange pensjonistar kunne tenkja seg å hjelpa til. Styret fylgde opp saka, og mest 20 pensjonistar melde seg. Pensjonistane er delte inn i grupper som deler året mellom seg.