1. juli 2010

ORDENSREGLANE FOR SARON ER REVIDERTE

Styret for Saron gjekk på møtet 31. mai 2010 gjennom ordensreglane for huset. Dei viktigaste endringane er at det er lagt til to paragrafar:
  1. Saron er bygd for å samla folk om Guds ord og arbeidet for at Guds rike skal gå fram både i Noreg og andre land. Programmet for arrangement på huset må ikkje vera i strid med huset sitt føremål (jf. §§ 2 og 5 i lovene).

  2. Alle som brukar huset, har medansvar for å halda det reint og ryddig. Leigetakarar gjer reint etter seg, dersom ikkje anna er avtala med styret for huset

Det hender forkynnarar eller songarar har hatt med seg nokre CDar eller småhefte, som dei har lagt på eit bord til sal - ofte til inntekt for eit godt føremål. Slik ordensreglane var, skulle desse CDane og småhefta fjernast etter samlinga laurdag kveld. I praksis har det likevel ofte vorte til at dei har lege framme for sal i samband med møtet/møta på sundagen òg. Styret har ikkje sett det naudsynleg å stramma inn på denne praksisen, og formulerer difor paragrafen slik:       

    6. Ein bør vera varsam med sal av bøker, CD-ar og liknande på sun- og heilagdagar.


I tillegg er rekkjefylgja på paragrafane endra, og nokre paragrafar har fått ei litt anna formulering.     

Fullstendig tekst finn du ved å klikka på 
«Lover og ordensreglar» og deretter på «Ordensreglar for Saron.