Bedehuset Saron

           
           
Gateadresse: Parkvegen 12, 4340 Bryne      Postadresse: Postboks 117, 4349 Bryne

            Styreformann: Ingvar Fløysvik, mobil 916 06 626

            Kontakt utleige: Arnt Taksdal, tlf 51 48 12 02, mobil 900 22 611

¡@

Saronsstyret

Saronskalenderen

Utleige

Lover og ordensreglar

Gåver til huset

Misjonsorganisasjonar

Saronsforeiningar

Nattverdforeininga

¡@

Kunngjering

29. oktober 2011

Framlegg til endring av lovene for Saron

Styret gjer framlegg om språklege endringar i ¡± 3.

Noverande paragraf:

Til å styra huset vel årsmøtet 6 medlemmer og 2 varamenn. 3 medlemmer går ut kvart år. Årsmøtet vel og revisor. Røysterett har alle som vedkjenner seg som kristne, har fylt 18 år og er med i nokon av dei laga som er nemnde i ¡± 1. Styret vel sjølv formann, varaformann, sekretær og kasserar.

Styret sitt framlegg:

Til å styra huset vel årsmøtet 6 medlemmer og 2 varamedlemmer. 3 medlemmer går ut kvart år. Varamedlemmene vert valde for eitt år om gongen. Årsmøtet vel òg revisor. Røysterett har alle som vedkjenner seg som kristne, har fylt 18 år og er med i nokon av dei laga som er nemnde i ¡± 1. Styret vel sjølv leiar, nestleiar, sekretær og kasserar.

Grunngjeving: I den noverande paragrafen står det ikkje kor lenge vararepresentantane er valde for.


Nytt

30. april 2011

VÅRDUGNAD LAURDAG 30. APRIL 2011

Laurdag 30. april hadde me vårdugnad på Saron. Det var sol frå skyfri himmel og verken for varmt eller for kaldt. Mange kom og var med. Her var både pensjonistar som har vore trufast med så lenge folk kan minnast, og ein stor flokk ungdom, av dei som skal vera med å ta vare på huset i åra som kjem. Nokre vaska vindaugo, andre klypte buskar, luka i bed, raka saman lauv, sopa plassen, eller tok seg av andre oppgåver. Ein stor takk til alle som var med!


 

24. januar 2011

ÅRSMØTE FOR SARON 23. JANUAR 2011

Petter Olsen delte Guds ord med oss. Gud har ordna si frelse så fullkomen at han kan gleda seg over alle som har teke imot han. Det er kjekt for Gud å sjå og høyra menneske som han har fått rive ut av Satan og synda sitt garn. Brudgomen si skildring av brura i Høgs 2,13-14 er eit vakkert bilete på dette:

les meir

1. juli 2010

ORDENSREGLANE FOR SARON ER REVIDERTE

Styret for Saron gjekk på møtet 31. mai 2010 gjennom ordensreglane for huset. Dei viktigaste endringane er at det er lagt til to paragrafar:
 
les meir

15. februar 2010

GATEADRESSA TIL BEDEHUSET SARON

Det har vore uklårt kva som var Saron si gateadresse. Kommunen hadde  registrert to adresser på huset. Minst ei av dei var i tillegg registrert på ein annan eigedom. Me har no fått tildelt ny adresse. Saron si adresse er: Parkvegen 12. 


3. desember 2009

TAKK FOR INNSATSEN!

Styret vil takka alle som var med og gjorde basarane for huset og dei andre arrangementa i Sarons-helga moglege. Takk for godt samarbeid og topp innsats! Av ymse grunnar vart totalresultatet noko lågare enn i fjor - meir likt førreåret. Men me fekk likevel inn over 130 000 før utgifter er trekte frå. 


20. januar 2009

ÅRSMØTE FOR SARON

Sundag 18. januar var det årsmøte for bedehuset Saron. Ein god flokk var samla. Årsmeldinga viste at aktiviteten på huset er stor og vidfemd.

les meir


7. juli 2008

STYRET SKRIV BREV

Dei par siste åra har det vorte gjort mykje vedlikehaldsarbeid på Saron. Meir må gjerast. I samband med dette har styret skrive eit brev til dei som bruker huset. Brevet vart lagd fram for representantar for organisasjonane i juni.

les meir


1. mai 2008

PENSJONISTAR TEK VAKTMEISTEROPPGÅVER

Frå midten av april 2008 har ei gruppe pensjonistar sagt seg villige til å ta på seg praktiske oppgåver i samband med utleige i tillegg til ein del vaktmeisteroppgåver.

les meir      



Årsmøte
1. februar kl. 19.30

Talar: Leiv Roald Thu

VELKOMEN!